Dato: LOV-1980-04-11-5
Departement: KUD (Kulturdepartementet)
Ikrafttredelse: 1981-01-01
Sist endret: 1988-03-11-12
Korttittel: Målbrukslova – målbrl.
Se gjeldende lovtekst.
Dato: FOR-1980-12-05-4938
Departement: KUD (Kulturdepartementet)
Ikrafttredelse: 1981-01-01
Sist endret: FOR-1989-12-22-1273
Korttittel: Forskrift om målbruk i offentleg teneste
Fastsett ved kgl.res. av 5. desember 1980 med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste § 4, andre leddet, og § 11. Fremja av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Endra 30. januar 1987 nr. 31, 15. mai 1987 nr. 389, 4. november 1988 nr. 892. (Ansvaret for denne forskrifta er no lagt til Kulturdepartementet).
Se gjeldende forskrift.
Departementet vil særleg peike på følgjande reglar i lov og forskrift om målbruk i offentleg teneste:
– At bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune (lova § 1).
– At det i statstenesta gjeld nærmare reglar om dels i kva situasjonar, dels i kva omfang ein har plikt til å nytte bokmål og nynorsk (lova § 2).
– At kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane blir følgde (forskrifta § 1), og at tilsette som har skriftleg utforming som ein del av tenesta, har plikt til å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som gjeld (lova § 4).
– At namnet på eit statsorgan skal ha ei bokmålsform og ei nynorskform dersom det ikkje høver med same namnet på bokmål og nynorsk (forskrifta § 4).
– At eit kommunestyre og eit fylkesting kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til vedkomande kommune eller fylkeskommune, eller velja å vera nøytral, og at statsorgan skal nytte den vedtekne målforma i skriv til kommunar og fylkeskommunar som har gjort slikt vedtak (lova §§ 5 og 6).
– At statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet (lova § 6).
– At statsorgan kan krevje ei viss målform frå statsorgan i alle løyve, faste formularar o.l. som direkte gjeld dei sjølve (lova § 6).
– At statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir minst 25 pst. av kvar målform (lova § 8 og forskrifta § 6).
– At skjema skal liggje føre og vere tilgjengeleg i begge målformer (lova § 8).
– At sentrale statsorgan i skriv til eit regionalt eller lokalt statsorgan skal nytte tenestemålet til vedkomande regionale eller lokale organ, og at eit regionalt statsorgan tilsvarande skal nytte tenestemålet til det lokale organet i skriv til dette (forskrifta § 5).
– At tenestemålet til eit lokalt statsorgan samsvarar med målvedtaket i den kommunen statsorganet har som tenestekrins, mens tenestemålet til eit regionalt statsorgan svarar til fleirtalsmålforma blant kommunane i det området organet har som tenestekrins (forskrifta § 5).
– At fleirtalsmålforma er den målforma som flest kommunar har kravt, men dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale, eller det er like mange som har kravt bokmål og nynorsk, er det inga fleirtalsmålform (lova § 7).